Ny dåpsavtale med kirken

– Endrar ikkje noko i ImF sin praksis.

– Dette medfører ikkje nokon ny forståing eller praksis for dåpen på bedehuset, men det gjer tilhøvet til Den norske kyrkja ryddigare, seier Erik Furnes . Saman med leiarane i Normisjon og Misjonssambandet  underteikna han 7. mars ein avtale som einsartar kyrkja sin aksept av bedehusdåpen.

– I og med innføringa av ImF si Handbok for Bedehuset har det vore gode rutiner for dette frå vår side i lang tid. Dette handlar difor ikkje om våre rutinar, men om korleis kyrkja ser på dei born som vert døypt på bedehuset og som også ynskjer innmelding i Den norske kyrkje. Der har alle misforståingar no vorte rydda av vegen, seier Erik Furnes.

Preses Haugland Byfuglien seier til DagenMagazinet at Bispemøtet er svært tilfreds over den skriftlige avtalen.

– Vi gler oss over dette når vi no står saman om ein ordning som gir gode lokale ordningar. Vi har hatt konstruktive samtalar på førehand, og alt har vore heldt i ein tillitsfull tone, seier ho.